Høgskuledirektør

Kompetanse for eit betre samfunn Sted: Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein kompetanseorganisasjon med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Høgskuleområdet er i sterk utvikling i nært samarbeid med aktørar frå både offentleg og privat sektor. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Om stillingen

Høgskulen i Volda søkjer ein utviklingsorientert og strategisk høgskuledirektør som vil vere med og byggje eit sterkt lag for å vidareutvikle høgskulen.

Rektor er øvste leiar ved høgskulen og har saman med høgskuledirektør ansvaret for den daglege leiinga av institusjonen. Høgskuledirektøren er ansvarleg for den samla administrative verksemda ved høgskulen, er sekretær for høgskulestyret og rapporterer i det daglege til rektor som styreleiar.

Høgskulen i Volda er i stadig endring og omstilling. Prioriterte område framover er mellom anna aktiv utvikling av studieporteføljen og forskingsverksemda. Endringsarbeid ved høgskulen krev samspel og dialog, og direktøren har eit særskild ansvar for å sørge for at avgjerder er godt forankra i organisasjonen.

Høgskuledirektøren skal bidra til strategisk og effektiv leiing av høgskulen sin administrasjon og støtte opp under kjerneverksemda forsking, utdanning og formidling. Direktøren skal – saman med leiarane for einingane i fellesadministrasjonen og administrasjonane på avdelingane – sørge for ein god og effektiv administrasjon og leggje til rette for god fagleg utvikling og leiing på alle nivå i organisasjonen.

Søk stillingen Jeg vil vite mer

Søknadsfrist: 25.08.2025

Kvalifikasjonar:

Høgskulen ser etter ein samlande, erfaren og tydeleg leiar med sterkt engasjement for forsking og utdanning. Vi ønskjer ein leiar som kommuniserer og samarbeider godt, er engasjert og tillitsskapande. Stillinga krev evne til å byggje relasjonar, skape samhandling og forankring internt og eksternt.

Søkjarar må ha relevant høgre utdanning på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant realkompetanse kan kompensere for kravet til utdanning.

Søkjarar må kunne dokumentere brei relevant leiarerfaring og administrativ røynsle. Det vil bli lagt vekt på erfaring frå omstillings- og endringsarbeid og på innsikt i høgre utdanning og forsking. Du må kunne kommunisere godt, skriftleg og munnleg, på norsk og på engelsk. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Høgskulen er ein samansett organisasjon der mange ulike kulturar er representerte. Leiarar ved høgskulen må utøve rollene i tråd med gjeldande regelverk og instruksar for å byggje tillit og gode relasjonar. Søkjarar må kunne vise til god rolleforståing i tidlegare stillingar.

 

Arbeidsoppgåver:

Høgskuledirektøren sine arbeidsoppgåver går fram av høgskulen sitt delegeringsreglement og instruks frå styret. Det inkluderer at direktøren:

  • skal, etter samråd med rektor, leggje fram saker for styret, og har ansvar for at sakene har god kvalitet
  • har ansvaret for iverksetjing og oppfølging av høgskulestyret sine vedtak
  • har det overordna ansvaret for fellesadministrasjonen og er næraste leiar for einingsleiarane der
  • skal leggje til rette for arbeidet til rektoratet
  • skal medverke og leggje til rette for kontinuerleg utvikling av organisasjonen
  • skal sikre god forvaltingspraksis ved heile institusjonen
  • har ansvar for forvaltning av økonomi, personalpolitikk, bygg og eigedom

 

Vi tilbyr:

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar. Stillinga blir lønt etter Statens lønsregulativ, lønsplassering 90.100, stillingskode 1062. Løn etter avtale.

 

Generell informasjon:

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

 

Om søknaden:

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

 

Kontakt

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte rektor Odd Helge Mjellem Tonheim (97523181) ved Høgskulen i Volda.

Søk stillingen Jeg vil vite mer

Kontaktpersoner

Jeg vil vite mer

Fyll ut skjemaet nedenfor for å kontakte Search House om denne stillingen.

Registrer din CV

Er du åpen for å høre om nye karrieremuligheter og ønsker å bli kontaktet dersom vi har oppdrag som kan være aktuell for deg? Register din CV her, og gjør deg tilgjengelig for spennende jobbmuligheter.

Search House følger lover og regler for lagring av personopplysninger og offentlig saksbehandling og dine opplysninger behandles konfidensielt.